Fylkestinget

Nord-Trøndelag fylkeskommune

 

 

Interpellasjon nr 10/4:

Mildred Marita Ramberg Røthe (V): Naturmangfaldåret 2010

                                                                                                                                                           

                                                                                                                                                           

Behandlet/ Behandles av

Sted

Møtedato

Int. nr.

Fylkestinget

Østersund

18.2.2010

10/4

 

Saksbeh:

 

Arkivsak:

10/00735

Arkivkode:

741

 

Naturmangfaldåret 2010

 

Jordkloden har eit enormt mangfald av levande vesen, det fins truleg over ti millionar artar. Berre litt under to millionar er vitenskapleg skildra. Mens forskarane kvar dag oppdagar nye artar, blir enno fleire utrydda for godt.

Vi reknar med at det fins 60.000 artar i Noreg, men det er berre rundt 20.000 vi veit noko om.

FN har valt 2010 som Det Internasjonale Naturmangfaldåret. Hovudbodskapen i Naturmangfaldåret er at artsmangfaldet går tapt i eit svært høgt tempo. Det hastar med å gjere noko for å stoppe denne utviklinga. Vi er avhengige av tenestene naturen gir oss, og, sjølvsagt, det handlar om eit moralsk ansvar. Naturmangfaldet er verdifullt, vi har ikkje råd til å miste meir av det.

I år, 2010, skal målsettingane fornyast og innsatsen aukast.

 

Spørsmål til fylkesråd for miljø:

Korleis kan fylkesrådet bidra for å markere Naturmangfaldåret 2010?