Logg på
a  a  a |  RSS RSS |  Engelsk English |  Åarjelsaemien Åarjelsaemien

Du er her:  Skip Navigation LinksNTFK > Politikk > Fylkesrådet > Spørsmål fra Marita Ramberg Røthe (V) 26. oktober 2015

Spørsmål fra Marita Ramberg Røthe (V) 26. oktober 2015


Spørsmål til fylkesråd for samferdsel Frode revhaug om trafikktryggleiken langs fylkesveg 72 i Verdal kommune.
 
Trafikktryggleiken langs fylkesveg 72 i Verdal kommune.
Venstre er bekymra for trafikktryggleiken langs FV72.
Vegen har sprekker i asfalten og djupe hjulspor, i tillegg er han delvis uoversiktleg og er prega av manglande vedlikehald.
Det har vore ei stor auking av trafikk langs vegen både av privatbilar og tungtransport, samtidig som kalktransporten frå Tromsdalen har auka det siste året. Tidligare har uttaket frå Tromsdalen vore relativt stabil på ca 1 mill tonn i året, noko som gir ca ein lastebil med kalk per 7 minutt. I
tillegg kjem belastninga av anna tungtransport.
 
I år forventar Verdalskalk å auke uttaket til 1,5-1,6 mill. tonn, som igjen gir ei stor auking i tungtrafikk langs vegen. Bedrifta forventar å fortsette å auke uttaket, noko som medfører enda større trafikale utfordringar i åra framover. Det er fortsatt lenge til det er håp om at ei løysing med transportband er på plass.
Inntil da meiner Venstre at det er viktig å prioritere mjuke trafikantar og førebygge trafikkfarlege situasjonar langs vegen. Bygging av gangveg mellom Vinne og Finnmyra er døme på tiltak som kan hjelpe noko.
 
Gang- og sykkelvegar vil gjere det tryggare for barn å gå til skolen, det vil gi vaksne høve til å velge sykkel som framkomstmiddel når dei skal på jobb, og det vil auke trivsla for dei som bur langs vegen.
 
Kva slags planar har fylkesråden for å bygge gang- og sykkelveg langs FV 72, og dermed gjere trafikken tryggare for innbyggarane?
 
Svar frå fylkesråd for samferdsel Frode Revhaug.
 
Eg takkar for spørsmål frå Marita Ramberg Røthe, Venstre om
trafikktryggleiken for dei mjuke trafikantane langs fylkesveg 72 i Verdal kommune.
 
Situasjonen til dei mjuke trafikantane i fylket kan alltid bli betre. Kvart år får vi eit meir trafikksikkert vegsystem gjennom dei tiltaka som blir gjort. Nye gang- og sykkelvegar blir bygd i samsvar med vedtaka i dei gjeldande fylkesvegplanane.  I fylkesvegplanen for perioden 2014- 2017 er det ikkje prioritert å bygge meir gang- og sykkelveg langs fv. 72.
 
Tidlegare er det bygd gang- og sykkelveg langs fv. 72 frå krysset med fv. 151 ved Reinslia til E6. Dei fleste av elevane som bur nærmare Vinne skule enn 2 km, har ein trygg skuleveg. I kriteria for kvar det skal byggjast gang- og sykkelvegar er avstand til skule viktig. Trafikkmengde blir òg vurdert, både kor mange bilar som køyrer kvart døgn, og kor mange personar som truleg vil gå og sykle når tilbodet er bygd ferdig.
 
Arbeid med fylkesvegplanane har vore gjort i tett samhandling med kommunane. Verdal kommune ga ikkje innspel om bygging av meir gang– og sykkelveg veg langs fv. 72 ved førre revisjon. Dei  hadde andre prioriteringar som vart tatt med i vegplanen, og som no er så godt som bygd ferdig. 
 
Det manglar 8-9  km for å få eit samanhengande separat  tilbod for gåande og syklande mellom E6 og Finnmyra. Eit grovt anslag seier at dette kan koste bortimot 135 millionar kroner. I fireårsperioden vi er inne i no, blir totalt omlag 80 millionar kroner brukt på gang- og sykkelvegar i fylket. 
 
Arbeidet med å få laga ein ny fylkesvegplan for perioden 2018-2021 er starta. I dette arbeidet vil vi ta omsyn til dei prioriteringane kommune har. Det blir mindre pengar til samferdsel  i økonomiplanen i åra framover enn kva vi har no, og det vil vere umogleg å få rom for alle ønska kommunane har.
 
Ramberg gir eit godt bilde av situasjonen med trafikken på  fv. 72. Aktiviteten i Tromsdalen er ein styrke for næringa i regionen, men bidrar òg til slitasje på vegane. Eg har vore i kontakt med leiinga i Tromsdalen og dei har satt i gang eit utgreiing med SINTEF for å sjå på løysningar for transporten.
 
I veke 43 og 44 vart det gjort planlagt vedlikehald, som gjer at det ikkje lenger er sprekker i asfalten og djupe hjulspor der kalken blir transportert. I fylkesvegplanen står fv. 72 på fornyingsprogrammet. Det vil bli gjort noen forberedande tiltak for vegen i  2016 som følges opp vidare i 2017. 
Nord-Trøndelag fylkeskommune Besøksadresse: Seilmakergata 2, 7725 Steinkjer
Postadresse: Postboks 2560, 7735 Steinkjer
Tlf: 74 11 36 00 Org.nr: 938 967 091 E-post: postmottak@ntfk.no