Du skal være med å bestemme 


Forfatteren Carl Frode Tiller fra Namsos har tatt utgangspunkt i "Du skal være med å bestemme"



Fanitullen på badet

Norge, ein heilt vanleg dommedag i november, tidleg morgon: Du går ut på badet og stiller deg framfor spegelen. Du gjespar og gnir søvnen ut av auga, og så stikk du hol i kinna, trer i tråden og trekker munnvikene opp til auehøgde. Du står slik og smiler i ei lita stund, og så stikk du handa opp i ræva og riv ut ryggrada.
Ho liknar ein russestav av bambus og du løftar henne over hovudet og blir ståande slik, stiv og smilande og klar til å ta fatt på dagen. Like etterpå startar musikken, han er lav til å begynne med, men aukar raskt i styrke.
Du ventar litt, du rører deg ikkje. Og så, akkurat idet bassen og trommane kjem drønnande (som semitrailarar), eksploderer kroppen din i ekstatisk dans. Du knekk i to ved hoftene og let overkroppen suse ned imot baderomsflisene, føtene dine sprutar mot golvet, du rykker overkroppen opp igjen og du piskar lufta med di eiga ryggrad.
Slik fortsett du dagen igjennom. Det svake, men stadig sterkare bandsuset du hører, er lyden av utsletting. Det murrar under den desperatmuntre musikken!
 

Nord-Trøndelag fylkeskommune

Adresse: Postboks 2560, Seilmakergata 2, 7735 Steinkjer

Tlf: 74 11 10 00

Fax: 74 11 10 51

E-post: postmottak@ntfk.no