Logg på
a  a  a |  RSS RSS |  Engelsk English |  Åarjelsaemien Åarjelsaemien

Du er her:  Skip Navigation LinksNTFK > Nyheter

 Fylkeskulturprisen til Stai

PUBLISERT: 06.12.2016


May Britt Lagesen, Kari Stai og Pål Sæther Eiden

Forfattar og illustratør Kari Stai frå Inderøy fekk i dag Nord-Trøndelag fylkeskommune sin kulturpris for 2016.

​Fylkesordførar Pål Sæther Eiden delte ut prisen, som er på 30 000 kroner og statuen «Jækta» av kunstnar Nils Aas, på fylkestinget si samling i Steinkjer rådhus.
 
Juryen meiner:
Det har i det siste vore ein debatt om kva som er god og mindre god barnelitteratur. Det er heller ikkje heilt enkelt å skapa eit univers, eit språk, og bilete som tar barn nok på alvor. Det greier prisvinnaren med glans.

I år går fylkeskulturprisen til ein kunstnar som har heva statusen til barnelitteratur. Ho har gitt born og vaksne grunn til å forvente kvalitet. Med svært presise redskap lagar ho unike rom for oppleving, tanke, ettertanke og samtale.

Juryen legg og vekt på at Stai i ei rekke prosjekt i regionen har bidratt med kvalitet og utviklingskraft. Samarbeidet med Nord-Trøndelag Teater om å få Jakob og Neikob på scenen er eit døme på det.

I juryen i år sit fylkesråd for utdanning og kultur May Britt Lagesen, fylkesvaraordførar Åste Marie Lande Lindau, fylkestingsmedlem Hege Nordheim-Viken og fylkesordførar Pål Sæther Eiden. Han har vore leiar av juryen.
 
Om Kari Stai:
Kari Stai er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Ho er mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Tidlegare har ho mellom anna fått Kulturdepartementets debutantpris, Brageprisen og Kritikarprisen. Bøkene er selde til fleire land, mellom anna India, Danmark og Frankrike. Stai er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har også studert ved Oslo Tegne- og Maleskole og Høgskolen i Telemark.
 
Om prisen:
Nord-Trøndelag fylkeskommune sin kulturpris går til ein person eller organisasjon som har gjort ein fremragande innsats for kulturlivet i Nord-Trøndelag. Les mer om prisen og tidlegare vinnarar her.
 
Sjå intervju med prisvinnaren:
 
 



Kontaktperson: Eiden, Pål Sæther



Nord-Trøndelag fylkeskommune Besøksadresse: Seilmakergata 2, 7725 Steinkjer
Postadresse: Postboks 2560, 7735 Steinkjer
Tlf: 74 11 36 00 Org.nr: 938 967 091 E-post: postmottak@ntfk.no